Prorektor for forskning og utvikling, Avd. for forskning og utvikling

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Resultatorientert forskingsdirektør med sterk evne til gjennomføring

Som forskingsdirektør vil du få ansvar for å leie FoU-avdelinga sine medarbeidarar og bygge opp ein framtidsretta og velfungerande FoU-administrasjon. Forskingsdirektøren skal vere ein strategisk pådrivar for forskingsverksemda ved fakulteta og forskingssentra, og skal medverke til å utvikle og koordinere arbeidet på desse områda. Direktøren skal motivere og sikre gode samarbeidsrelasjonar internt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Direktøren skal saman med prorektor for FoU stimulere til auka forskingsinnsats, innovasjon og nyskaping, og styrke den internasjonale forskingsprofilen til høgskulen. Direktøren rapporterer til prorektor for FoU. 


Arbeidsoppgåver

  • oppfølging og implementering av prosjekt og prosessar innan FoU
  • utvikle og implementere strategiar innanfor ansvarsområdet, m.a. etablere gode arbeidsprosessar og styringsverktøy
  • koordinere arbeidet innanfor ansvarsområdet mellom fellesadministrasjonen og fakulteta/sentra, og legge til rette for gode møteplassar for administrative forskingsmedarbeidarar
  • legge til rette for at forskarane ved høgskulen har tilgang på nødvendig spesialistkompetanse i utarbeiding av søknader om eksterne forskingsmidlar, særleg knytt til EU sitt rammeprogram


Vi søker ein leiar som

    • har erfaring som leiar frå fagområde knytt til forskingsadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren, og/eller forskingssektoren
    • kan vise til dokumenterbare resultat frå liknande arbeid
    • har solid erfaring frå personalleiing, og mål- og økonomistyring
    • er strategisk orientert og set seg raskt inn i komplekse oppgåver
    • har høgare utdanning, helst på ph.d.-nivå

Personlege eigenskapar

  •  resultatorientert og med stor evne til gjennomføring
  • evne å inspirere og motivere dine medarbeidarar
  • god til å kommunisere og skape teamfølelse
  • har evne til å bygge nettverk og vektlegg verdien av gode relasjonar med relevante samarbeidspartnarar

Vi tilbyr deg

    • gode vilkår for fagleg vidareutvikling
    • gode låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
    • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
    • ein arbeidsplass i stadig utvikling 

 
Høgskulen tilbyr utfordrande og varierte leiaroppgåver i eit aktivt og mangfaldig fagmiljø med høgt motiverte medarbeidarar. Gode leiarar og effektive leiarteam er viktig for oss. Difor legg vi vekt på nettverksbygging og rom for utvikling for leiarane.

Andre opplysningar
Stillinga blir løna etter Statens lønnsregulativ, stillingskode 1060 lønstrinn 82-86, som tilsvarar kr 826 000 - 925 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:

  • Prorektor for FoU Morten Irgens, tlf. 46541941
  • HR-direktør Geir Haugstveit, tlf. 948 77 592

Høgskulen ønsker at medarbeidarane våre i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i folket. Vi oppmodar derfor kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn eller redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Høgskulen er ei IA-bedrift, og spørsmål om tilrettelegging kan rettast til kontaktpersonane i denne annonsa.

Vi nyttar eit elektronisk rekrutteringssystem. Vil du søke stillinga, registrer søknad og CV ved å bruke lenka til elektronisk søknad annan stad på denne sida – «søk her».

   

Søknadsfrist:   22. mai 2016

Ref:                  16/03231

 

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Snarast
Lønn 826 000 - 925 000
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 16/03231
Kontakt
  • Prorektor for FoU Morten Irgens, mobil 465 41 941
  • HR-direktør Geir Haugstveit, mobil 948 77 592
Publisert 26.04.2016
Søknadsfrist 22.05.2016

Tilbake til ledige stillinger